Kva skjer i praksisstudiet i somatiske sengeavdelingar?
DOI:
https://doi.org/10.7557/14.809Keywords:
sjukepleiarutdanning, praksisstudiet, læringAbstract
Hensikta er å tilføre kunnskap om sjukepleiarstudentar si læring i praksisstudiet i somatiske sengeavdelingar. Forskingsspørsmåla er: Korleis lærer studentane ulike sjukepleiarfunksjonar?, Korleis samhandlar student og praksisrettleiar om læring? Observasjonar av sjukepleiarstudentar og intervju med studentar og praksisrettleiar er nytta for å samle det empiriske materialet. Studien viste at hjelperolla, den diagnostiske og overvakande funksjonen og den administrerande funksjonen til medisinsk behandling er tydelegast i materialet. Hjelperolla og samhandlinga med pasientane blir av studentane framheva som særleg verdfulle og synest å ha stor betyding for utviklinga av sjukepleiaridentitet. Rettleiing bidrar til at studentane tileignar seg avdelinga sitt repertoar.Metrics
Metrics Loading ...
Downloads
Published
2010-08-17
How to Cite
Kvangarsnes, M., Hagen, B., & Fylling, G. (2010). Kva skjer i praksisstudiet i somatiske sengeavdelingar?. Nordisk Tidsskrift for Helseforskning, 6(1), 56–71. https://doi.org/10.7557/14.809
Issue
Section
Refereebedømte artikler